Givarteneste for kyrkjeleg undervisning og læring


Givarteneste for kyrkjeleg undervisning og læring


Vil du bidra til at barn og unge får opplæring i den kristne trua? Meld deg som fast givar!

Stortinget vedtok for om lag 20 år sidan at Den norske kyrkja skulle ha hovudansvaret for opplæring i den kristne trua. Det skulle ikkje lenger vere eit ansvar som grunnskulen hadde. Etter kvart har alle sokn fått statlege midlar til dette arbeidet, men det er ikkje nok. Kommunane bidreg også, men det strekker ikkje til, spesielt ikkje i små kommunar.

For å kunne halde på ressursene knytt til kyrkjeleg undervisning og læring, inviterer me til fast gjevararteneste. Det er eitt behov for meir midlar, for å kunne halde på stillingane, realisere tiltaka og nå måla i planen for kyrkjeleg undervisning og læring. 

Kyrkja si læring retta mot barn og unge er noko av det viktigaste me driv med. Me kan engasjere oss i dette på ulike måtar, gjerne som frivillege medarbeidarar, men og ved å gje pengar til arbeidet. Som kristne, har me eit ansvar for vår lokale kyrkjelyd, og det å gje av vår overflod, vil bety mykje for dette arbeidet. Samstundes blir vi sjølve velsigna av å gje.

Gjevartenesta fungerer slik at du fyller ut skjema for gjevarteneste, og enten sender det i posten eller leverer det på kyrkjekontoret. Det er og mogeleg å skanne det eller ta bilde av det og sende det på e-post.
Du kan velje eit fast beløp per månad som du kan legge inn i nettbanken eller avtale med banken om å trekke. Eller du kan og gje kvartalsvis, halvårleg,  årleg, eller som eit eingongsbeløp.
For gåver er det skattefritak, noko som betyr at du får 22% tilbake av det du gir, opp til grensa på kr. 25 000 per år. Det vil seie at du betaler inntil kr. 5 500 mindre i skatt. Beløpet du har gitt, vil stå på den ferdig utfylte skattemeldinga som du får kvar vår.

Takk for at du vil vere med! Både små og store beløp er svært velkomne!
Ta kontakt med sokneråda eller kyrkjekontoret dersom du treng meir informasjon!

PÅMELDINGSSKJEMA 

Tilbake