Velkommen til ein stemningsfull julekonsert i Fister kyrkje søndag 29. november kl.19.00
Songaren Leif Jone Ølberg, som har slektsrøtene sine frå Laugaland, startar julekonsert-turnèen sin dette året i Fister kyrkje 1. søndag i advent. Leif Jone har hatt fleire konsertar i Hjelmeland kyrkje, men vonar mange også vil koma til Fister.
Julekonserten dette året har tittelen " Velsigna du dag over fjordan", slik den fine nordnorske julesalmen startar.
Med si varme og uttrykksfulle stemme løftar Leif Jone fram denne salmen, saman med fleire kjende og kjære julesongar, nyare songar og annan julemusikk. "O helga natt" blir eit naturleg høgdepunkt.
Leif Jone tek også fram fiolinen sin og ukulelen.
Lars Bernhardt Ølberg spelar orgel og piano til.
Billettar i døra: kr 300,- (VIPPS eller kontant)