Trygve Bjerkreim-kveld i Fister kyrkje


Trygve Bjerkreim-kveld i Fister kyrkje


Torsdag 21. januar kl 19.00 er du velkomen til Trygve Bjerkreim-kveld i Fister kyrkje!

HAN TEK IKKJE GLANSEN AV LIVET 

Kjenner du Trygve Bjerkrheim? Kanskje ikkje? Men du har nok  høyrt «Han tek ikkje glansen av livet» eller «Det er makt i de foldede hender», to av dei mest kjende salmane i salmeboka!  

Det er altså salmediktaren, redaktøren og misjonsleiaren Trygve Bjerkrheim som er tema for kvelden.
Arne-Ivar Kjerland, frå Nynorsk Antikvariat i bokbyen Tvedestrand, fortel om den store «hovdingen» som døydde  for 25 år sidan.  Kantor Anne-Berit Rinde Bjelland deltek med solosong og akkompagnement, og vi skal og få synge fleire av Bjerkrheim sine songar i lag.

Trygve Bjerkheim var fødd i Bjerkreim i 1904 og døydde i Oslo i 2001. Han arbeidde som lærer på Fjellhaug og var redaktør for misjonsbladet «Utsyn» i ei årrekke. Og så var han altså ein av våre mest produktive forfattarar. Han skreiv over 15000 songar! Dei som vil repetera litt om kven han var, kan slå opp i NRK sitt arkiv og finna underhaldningsprogrammet «Æres den som æres bør»  med Knut Bjørnsen og Trygve Bjerkrheim. I same programmet framfører Sigvart Dagsland «Det er makt i de foldede hender».

Velkomne til ein fin kveld i Fister kyrkje!

Kollekt

Arr: Hjelmeland Mållag og Hjelmeland kyrkjemusikalske utval

 

Tilbake