Konsert i Hjelmeland kyrkje 4. september


Konsert i Hjelmeland kyrkje 4. september


Fredag 4. september kl 19.00 er du velkommen til fin, klassisk konsert i Hjelmeland kyrkje.

Konserten er ved Christian Sommerfelt, klaver og Laurens Wienhold, fiolin.

Christian Sommerfelt er frå Bergen, men busett i Wien, der han óg fullførte studier som utøvande pianist. I 2025 var han årets Trollhaugen-pianist under Festspela i Bergen, og har m a eit fantastisk Grieg-program på repertoaret.

Laurens Weinhold kom til Stavanger frå Belgia som 3-åring. Etter 9.klasse flytta han til Wien for å studere fiolin. Ikkje overraskande var han den yngste eleven der.  Seinare har det blitt bachelor- og mastergrad i fiolin og eit virke som profesjonell musikar.

Desse to vil saman gje oss ei flott musikalsk oppleving i Hjelmeland kyrkje
fredag 4. september kl 19.00.
Programmet vil m a innehalde verk av Brahms, Cesar Franck og ikkje minst Edvard Grieg.

Vel møtt til ein nydeleg, klassisk konsert i kyrkja!

Billettar i døra : kr 200,- VIPPS eller kontant
Barn under 16 år går gratis.

Konserten er ein del av Ryfest- programmet
Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval i samarbeid med Stavanger Kunst  og Musikkfestival
 

Tilbake