Torsdag 26. mars var det duka for BABYSONG på Årdal omsorgssenter.
Til saman var ca 40 samla, av desse heile 10 babyar! - Med andre ord ei veldig fin forsamling!
Både ynge og eldre kosa seg i lag denne vesle timen i Årdal. Kjende og meir ukjende songar og regler kom på løpande band, og mange i publikum song med. Applaus vart det óg!
Etterpå var det tid for nærkontakt mellom yngre og eldre, til stor glede for alle.