Salmar i fastetida


Salmar i fastetida


Onsdag 18. februar kl 19.00 er du velkomen til SALMEKVELD i Årdal kyrkje

Denne dagen, som heiter askeonsdag, markerer inngangen til fastetida.
Kva passar då betre enn å synge fastetida sine salmar denne kvelden? Hjelmeland kyrkjekor blir med og leier oss gjennom ein kveld fylt av både korsong, vekselsong og rein allsong. Nokre av salmane er henta frå bolken 'fastetid' i Norsk salmebok, mens andre er å finne ulike stader i salmeboka.  

Liturg:Asbjørn Salthe
Kantor: Anne-Berit Rinde Bjelland

Kollekt

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval

Tilbake