DRAUMKVEDET i Fister kyrkje


DRAUMKVEDET i Fister kyrkje


Tysdag 6. januar kl 19.00 blir det KONSERT i Fister kyrkje

Magne Skrede, frå Bergen, vil då framføre middelalderverket Draumkvedet.
Draumkvedet
er den mest kjende middelalder-ballada vi har i Norge, og stammar frå ein lang, muntleg kvedartradisjon i Telemark. Verket gjekk altså frå munn til munn i mange hundre år, før nedteikningane starta kring 1840. Magnus Brostrup Landstad var ein av dei som etter kvart førte diktet i pennen.

Draumkvedet tar oss med inn i ei tydeleg kristen verd, med prest og kyrkje, syndarar og dommedag, og det katolske preget peikar på at diktet må ha blitt til før reformasjonen.

Hovedpersonen i diktet  er Olav Åsteson. (Lenge trudde ein at dette var ei omskriving av Olav Den heilage, men det har ein gått vekk frå seinare) Olav fell i søvn på julaftan og i draume fer han over til hi sida. Han får sjå dødsriket og mykje vondt på vegen, men og lys og håp i Paradis.Han vaknar først den 6. januar - trettandedagen - etter omlag to vekers søvn og draum.  Han vaknar og stiller seg i kyrkjedøra, der han legg fram draumane sine. Samtidig står presten for altaret og legg ut dei heilage skriftene.
Mot slutten av diktet står særleg nestekjærleiken i fokus; Sæle er dei som hjelper dei fattige og svake på ulikt vis.

Draumkvedet er kanskje nok du berre har høyrt om på skulen? Som ein viktig del av kulturarven vår, verd å snakke om, i alle fall..? Då er det kanskje på tide å faktisk oppleve dette verket i levande live!
Så kom til Fister den 6. januar kl 19 og få det med deg.

Magne Skrede er utdanna pianist og musikklærar, men med ei tydekleg hovudinteresse for song. Han leia kor heilt frå ungdommen av, og framførte Draumkvedet allereie som 16 -åring. I Bergen Domkantori var han aktiv korsongar og solist i 30 år. Skrede har og delteke på operaframføringar i Bergen, Tyskland og Sverige. Draumkvedet har han turnert med i både Sveits, Frankrike og Tyskland, og har også gjort ei innspeling av dette verket.

Under konserten på Fister vil han og fortelje litt om bakgrunnen for diktet.

Det blir høve til å gje kollekt ved utgangen.

Vel møtt!

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval

Tilbake