Vi syng jula inn


Vi syng jula inn


VI SYNG JULA INN i Hjelmeland kyrkje søndag 21.desember kl 18.00

Fjerde søndag i advent kan du få vere med og synge jula inn i lag med mange gode song- og musikk-krefter!
Både Rygjaljom, Hjelmeland kyrkjekor og eit prosjektkor for barn blir med i songen. Som songsolistar, har vi fått med oss Sunniva Romsø Øye, Ida Sørensen Hausken og Tomine Moen Hausken. Astrid Bjelland og Rikke Kleppa krydrar det heile med vakkert fløyte- og trompetspel. Og ikkje minst, så skal vi saman synge oss igjennom eit knippe av dei kjære julesongane.

Vel møtt i Hjelmeland kyrkje 21.12

Kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval

Tilbake