Ulike fasar eller hendingar i livet kan gjere det vanskeleg og oppsøke felleskapet. Då kan det vere godt at nokon kjem heim til deg
Felleskap er for dei aller fleste av oss ein viktig faktor i livet. Vi treng alle både å sjå og bli sett. Ulike fasar eller hendingar i livet kan gjere det vanskeleg å oppsøkje felleskapet. Då tilbyr vi å komme på heimebesøk til deg. Kanskje er de spesiellle ting ein ønskjer å ta opp, eller kanskje ein ønskjer å snakke om kvardagslige ting.
Heimebesøk er ein viktig del av diakonimedarbeidaren sin kvardag, og soknepresten har og mange heimebesøk gjennom året.
Alle som arbeider i kyrkja har teieplikt.