11-års gruppa


11-års gruppa


Kvart år i januar/februar blir 11-åringaneinviterte til ei gudsteneste i soknet der dei blir presenterte for Bibelen

Kvart år i januar/februar blir 11-åringane spesielt inviterte til ei gudsteneste i soknet. Der blir dei presenterte og får kvar sin Bibel å gåve. Vidare blir det arrangert 11-årsgrupper lokalt i Årdal, Fister og Hjelmeland. Her lærer barna å slå opp i Bibelen, og om korleis Bibelen er bygd opp og kva han inneheld, og dei får høyre nokre av bibel-forteljingane. Dei får og setje inn register i biblane sine. 

Mat og leike er faste og viktige innslag i samlingane!

Gruppene blir leia dels av frivillege, dels av trusopplærar og sokneprest.

Tilbake