Dåpskule for 6-åringane


Dåpskule for 6-åringane


Kvart år får 6-åringane/1. klassingane tilbod om å delta på dåpsskule i kyrkja

Kvart år får 6-åringane/1.klassingane i Hjelmeland sokn tilbod om å delta på dåpsskule i kyrkja. Fister og Årdal har dåpsskule annakvart år. Her vert både 1. og 2. klassingane inviterte. 

Dei som deltek på dåpsskulen, samlast 4-5 gonger i kyrkja (gjerne i tidsrommet feb-mar) og får høyre bibelforteljingar og lære meir om dåpen, trua og kyrkja. Kvar samling blir avslutta med ein liten fest, som betyr pynta bord, felleskap og måltid. Som regel deltek dåpsskulen på ei gudsteneste, gjerne som avslutning av opplegget.

Dåpsskulen vert oftast leia av trusopplærar. Diakonimedarbeidar deltek og, samt enkelte frivillige i kvart sokn. Dåpsskulen har hatt god oppslutnad dei siste åra. 

Tilbake