I gravferda tek vi farvel med den døde. Vi takkar for livet og overlét den døde til Gud.
Det er mykje nyttig informasjon på Begravelse | En verdig avskjed - Den norske kirke (kirken.no)
Eit gravferdsbyrå kan ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd.
Ein kan òg velje å gjere det meste sjølv. Dei pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar.
Vanlegvis vert den døde gravlagt på den gravplassen ein høyrer til. Det er lovbestemt kven som er den personen som kan sørgja for gravferda. Kyrkjeverja avgjer kva grav som skal nyttast og kva tidspunkt gravferda skal skje, men ein prøver så langt det er mogeleg å oppfylla ønskja frå den som sørgjer for gravferda.
I Hjelmeland er det 8 gravplassar som er i bruk:
- Hjelmeland kyrkjegard
- Årdal kyrkjegard
- Fister kyrkjegard
- Øye gravplass
- Sandanger gravplass
- Vormedalen gravplass
- Jøsneset gravplass
- Jøsenfjorden gravplass