Ekteskapsinngåing eller vigsel er ei offentlig handling og kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. I nærvær av vitne gir ein kvarandre løfte om å leve saman resten av livet. Ein godkjent vigslar skal erklære at ekteskapet er gyldig. Par som er via borgerleg, kan i tillegg ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.
Når de ønskjer vigsel i ei av kyrkjene i Hjelmeland, tek de kontakt med kyrkjekontoret v/ prest eller kyrkjeverje for å avtale dato for vigselen.
Sokneprest
Sigrunn H. Arnesen
Tlf: 977 52 534
E-post: sigrunn@hjelmeland.kyrkja.no
Kyrkjeverje:
Mette Ingvaldstad
Tlf: 404 39 240
E-post: post@hjelmeland.kyrkja.no
Når brur eller brudgom bur i Hjelmeland eller har budd her i oppveksten og har nær familie som framleis bur her, så kostar det ikkje noko å gifte seg i Den norske kyrkja. Dersom ein ikkje har slik tilknytning, så vil ein måtta betale for bruk av kyrkja, og også for organist, prest og kyrkjetenar. Opplysningar om dette får de på kyrkjekontoret.
Prøving av ekteskapsvilkåra:
Alle papir vert ordna gjennom folkeregisteret. Det skal fyllast ut ulike skjema, og desse kan ein finne på www.skatteetaten.no eller www.kyrkja.no , eller ved å vende seg til folkeregisteret i kommunen. Skjemaet "Prøving av ekteskapsvilkår" er det skjemaet som me treng for å kunne gjennomføre vigselen. Dette skjemaet må difor sendast i god tid.
Samtale med prest:
Når tidspunktet nærmar seg, har de ein samtale med presten som skal via dykk. Her avtalar de salmar og musikk og går gjennom det som skal skje under vigselen. Vigeselsritualet inviterer til aktiv deltaking frå familie og vener, og det er mogeleg å setje sitt personlege preg på seremonien.
Les meir på www.kyrkja.no / www.kirken.no
Velsiging av ekteskap.
Dersom ein har inngått ekteskap ved tinghus eller på ambassade i utlandet, kan ein seinare få ekteskapet velsigna i kiyrkja. Ritualet i denne forbønshandlinga liknar ritualet for vigsel.